Publisert 12.09.2018

Kraftsituasjonen veke 36 2018

Normalt grunn- og markvatn gjer meir tilsig til kraftmagasin.

I førre veke kom det nedbør tilsvarande 4,6 TWh i Noreg. Dette bidrar til at NVEs berekningar synar no at grunn- og markvatn er tilbake på normale nivå. Det er våtast i grunnen i  Langfjella. Nedbør som faller der, vil gje meir og raskare tilsig til kraftmagasina, samanlikna med tørkeperioden i sumar.

I veke 37 er det venta mykje nedbør, særleg på Vestlandet. Tilsiget er venta å auke til 4,6 TWh, noko som er 70 prosent over normalen. Det medverka til at kraftpris i Norden for 4. kvartal gjekk ned med 4 prosent. I Tyskland gjekk prisforventninga oppover grunna nok ei veke med kraftig oppgang i CO2-pris.

Nye straumkablar vart sat i drift over Oslofjorden i slutten av veke 35, noko som gjorde at utvekslingskapasiteten med Sverige var tilbake til normalen. Det bidrog til auka eksport frå Aust-Noreg til Sverige i førre veke.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 36 her. (PDF)

Kontaktperson

Rådgjevar Martin Andreas Vik

Tlf: 99774549

E-post: mavi@nve.no