Lågare vind og kjernekraft i Norden auka kraftprisane.

Førre veke gjorde vedlikehald på kjernekraft i Sverige at kraftproduksjonen i Norden gjekk ned. Samstundes vart det mindre vindkraftproduksjon i Danmark og Sverige. Dette medverka til at kraftbalansen Norden svekkja seg med om lag 400 GWh samanlikna med veke 34.

 

Mindre kraft på marknaden bidrog til at kraftprisane i Norden auka med over 10 prosent. Det medverka til at Norden importerte kraft frå Tyskland i sør og auka importen frå Russland og Estland i aust. I Noreg vart kraftprisane over 50 øre/kWh i snitt for veka, men var framleis dei lågaste i Norden. Det bidrog til at Noreg eksportere 18 prosent av kraftproduksjonen, der mesteparten gjekk til Sverige og Danmark.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 35 her. (PDF)