Publisert 06.09.2017

Kraftsituasjonen veke 35 2017

Høg eksport ut frå Noreg.

I førre veke gjekk vindraft- og kjernekraftproduksjonen i Norden ned. Det medverka til auka etterspurnad etter norsk vasskraft. Trass i avgrensingar i overføringskapasitet ut frå Noreg, var krafteksporten på det høgaste nivået til no i år.

Auken i eksporten medverka vidare til ein oppgang i dei norske kraftprisane samanlikna med veke 34. Den norske eksporten bidrog til å redusere prisane i resten av Norden.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 35 her. (PDF)

Kontaktperson

Rådgjevar Martin Andreas Vik,
Tlf: 22 95 93 31