Kraftsituasjonen veke 34, 2025
Små endringar i kraftprisane
I førre veke gjekk magasinfyllinga i sørlege Noreg ned. Hovudårsaka til nedgangen var lite nedbør. Vi må rekne med variasjonar i magasinfyllinga utover hausten. I eit vêrbasert kraftsystem som det norske er det normalt at ressurssituasjonen i vassmagasina varierer.
Norsk vasskraftproduksjon opp i nord og ned i sør
I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4), der magasinfyllinga er høg, gjekk vasskraftproduksjonen opp. Mindre vedlikehaldsarbeid i nettet enn veka før ga høgare overføringskapasitet ut frå Midt- og Nord-Noreg. Dette medverka til at produksjonen og nettoeksporten vart høgare enn veka før.
I Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2) gjekk både produksjonen frå vasskraftverk og krafteksporten ned. Magasinfyllinga i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) vart likevel noko redusert. Dette har samanheng med at området har hatt lite nedbør dei siste to vekene. Nedgangen er på nivå med variasjonen som kan ventast for årstida.
Auke i kraftprisen i Vest-Noreg
Førre veke auka kraftprisen i Vest-Noreg (NO5), medan det berre var mindre endringar i kraftprisane i resten av Noreg. Dei siste to vekene har Søraust-Noreg hatt prisar på nivå med Sørvest-Noreg, etter å ha hatt lågare vekeprisar enn Sørvest-Noreg gjennom sommaren.
Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 34:
- Søraust-Noreg (NO1): 87 øre/kWh
- Sørvest-Noreg (NO2): 92 øre/kWh
- Midt-Noreg (NO3): 8 øre/kWh
- Nord-Noreg (NO4): 2 øre/kWh
- Vest-Noreg (NO5): 50 øre/kWh
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 34 2025
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.