Norske kraftprisar blant dei lågaste i Norden

Det var ingen store endringar i forbruk og kraftproduksjon i Norden samanlikna med førre veka. I Noreg låg kraftprisane mellom 33 og 35 øre/kWh som var blant dei lågaste i Norden. Meir kraftproduksjon i Noreg førte til ein eksportauke samanlikna med veka før. Alle terminprisar på kraft vart redusert samanlikna med veke 33, truleg grunna våtare varslar i vekene som kjem.

 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 34 2019 her. (PDF)