Publisert 29.08.2018

Kraftsituasjonen veke 34 2018

Stor auke i CO2-prisen.

Prisen på CO2-kvotar auka med om lag 15 % i veke 34. Prisen ved slutten av veka vart over 200 kronar per tonn, noko som er det høgaste nivået sidan hausten 2008. Reformar i EUs kvotemarknad har bidrege til at prisen på CO2 har meir enn tredobla seg på eit år. Høg produksjon av kôlkraft medverkar òg til høgare pris på CO2-kvotar.

Høgare CO2-pris gjer at kraftproduksjon frå kôl og gass vert dyrare. Dermed må kraftkundar i Europa betale meir for straumen. Dette medverkar til økt norsk eksport til Sverige, Danmark og Nederland, som alle har fossile kraftverk i drift.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 34 her. (PDF)

Kontaktperson

Rådgjevar Martin Andreas Vik,

Tlf: 22 95 93 31