Kraftsituasjonen veke 33, 2025
Lågare vindkraftproduksjon i Norden og nord på kontinentet
Auka kraftprisar i Noreg
Førre veke auka kraftprisane i Noreg, etter eit prisfall veka før. Lågare vindkraftproduksjon i Norden og nord på kontinentet er ein viktig årsak til prisauken. Det er for tida mykje planlagde vedlikehald av kraftnettet både sør i Noreg og sør i Sverige. Dette ga avgrensingar i kraftnettet og bidrog til eit anna prisbilete enn normalt. Mellom anna vart prisskilnaden mellom Sørvest- og Søraust-Noreg (NO2 og NO1) betydeleg redusert. Søraust-Noreg fekk også enkelte timer kor kraftprisen vart over 150 øre/kWh. Sjølv om kraftprisane auka i sørlege Noreg førre veke, var dei gjennomsnittlege vekeprisane framleis lågare enn på kontinentet.
Dei gjennomsnittlege kraftprisane for veke 33:
- Søraust-Noreg (NO1): 86 øre/kWh
- Sørvest-Noreg (NO2): 91 øre/kWh
- Midt-Noreg (NO3): 5 øre/kWh
- Nord-Noreg (NO4): 2 øre/kWh
- Vest-Noreg (NO5): 16 øre/kWh
Auka produksjon og nettoeksport frå Noreg
Kraftproduksjonen i Noreg auka førre veke. Lågare vindkraftproduksjon nord på kontinentet og Storbritannia bidrog til høgare etterspurnad etter norsk vasskraftproduksjon. Dette bidrog til ein auke i norsk vasskraftproduksjon og nettoeksport frå veka før.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 33 2025
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.