Publisert 23.08.2023

Kraftsituasjonen veke 33, 2023

Rekordhøg nettoeksport frå sørlege Noreg

Det var lite sol- og vindkraftproduksjon og høgare kraftprisar på kontinentet førre veke, noko som bidrog til mykje eksport frå Sørvest-Noreg (NO2). Det var også ein nedgang i vind- og kjernekraftproduksjonen i Finland. Dette medverka til meir eksport frå Sør-Sverige (SE3) til Finland. Videre bidrog det til meir kraftflyt frå Søraust-Noreg (NO1) til Sør-Sverige. Samla sett resulterte dette rekordhøg nettoeksport frå Sørlege-Noreg i førre veke. Nettoeksporten var på 795 GWh, samanlikna med førre rekord på 693 GWh i veke 4 2023.

Mykje nedbør og tilsig dei siste vekene og stormen Hans har økt fyllingsgraden til over medianen i sørlege Noreg. Det førde med seg eit framleis lågt prisnivå i sørlege Noreg førre veke, samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Vekeprisen var under 21 øre/kWh i alle prisområda, med unntak av Sørvest-Noreg (NO2). Der var vekeprisen 80 øre/kWh. Som følgje av ein auke i pris på kontinentet, og vedvarande flaskehalsar på forbindingane til områda rundt Sørvest-Noreg, auka prisskilnad mellom dette området og resten av landet førre veke.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 33 2023 (PDF)

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Jørgen Mathias Taraldsvik Nipen
Epost: jmtn@nve.no