Publisert 21.08.2019

Kraftsituasjonen veke 33 2019

Meir vindkraft og kjernekraft bidrog til lågare prisar i Norden

Trass i noko høgare forbruk, gjekk kraftprisane i Norden ned i veke 33. Mellom anna bidrog meir vindkraft i Sverige og høgare produksjon frå norske elvekraftverk til prisnedgangen. I tillegg kom det svenske kjernekraftverket Forsmark 2 tilbake i drift etter to vekers vedlikehald.

I Noreg vart kraftprisane redusert med om lag 7 – 8 prosent samanlikna med veka før. Nedgangen medverka til lågare produksjon frå norske magasinkraftverk, og krafteksporten frå Noreg til utlandet blei halvert frå veka før.

Hittil i år har Noreg hatt ein nettoimport på om lag ein 1 TWh, medan Norden totalt har hatt ein nettoeksport på 1 TWh.

 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 33 2019 her. (PDF)

Kontaktperson

Senioringeniør Jonas Skaare Amundsen, tlf 22959442