Publisert 13.08.2025

Kraftsituasjonen veke 32, 2025

Auka magasinfylling i heile landet

I førre veke auka magasinfyllinga i alle prisområda i Noreg. Særleg sterk var auken i sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5). Her auka fyllingsgraden med 4,3 prosentpoeng, noko som er ein sterk oppgang for ei veke på denne tida av året. Årsaka til oppgangen var mykje nedbør dei siste vekene og nedgang i vasskraftproduksjonen. Dei gjennomsnittlege kraftprisane i Noreg gjekk og ned i førre veke.

Dei to siste vekene har Sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) hatt periodar med mykje nedbør. Dette ga høgt tilsig til vassmagasina førre veke. I tillegg hadde Noreg god tilgang på rimeleg importert vindkraft frå naboland som følgje av stormen «Floris». Dette medverka til at vasskraftproduksjonen i det sørlege Noreg gjekk ned for andre veka på rad. I sum bidrog dette til at magasinfyllinga auka med 4,3 prosentpoeng i Sørlege Noreg. I  Sørvest-Noreg (NO2) gjekk magasinfyllinga opp med  3,7 prosentpoeng, noko som er ei kraftig auke for årstida. Magasinfyllinga for Noreg totalt er no på 75,6 prosent.

Oppgangen denne veka viser korleis ressurssituasjonen i Noreg kan variera mykje frå veke til veke. Framover kan vi både få vêr som gir mykje eller lite nedbør. Det vil påverka magasinfyllinga og gje variasjonar gjennom hausten.

Kraftprisane gjekk ned
Førre veke bidrog kaldare vêr og høgare aktivitet etter ferien til høgare forbruk i Noreg. Trass auka forbruk, gjekk dei gjennomsnittlege kraftprisane i Noreg ned frå veka før. Sjølv om samla  vasskraftproduksjon i Noreg gjekk ned,  auka produksjon frå vasskraftprodusentar som ikkje har høve til å lagra vatn. Samstundes ga høgare vindkraftproduksjon i Nord-Europa kombinert med mykje solkraft, lågare kraftprisar på kontinentet. I timane med mykje sol- og vindkraft importere Noreg frå nabolanda og nettoeksporten frå Noreg vart redusert frå veka før.

Gjennomsnittlege prisar i veke 32:

  • Søraust-Noreg (NO1): 25 øre/kWh
  • Sørvest-Noreg (NO2): 57 øre/kWh
  • Midt-Noreg (NO3): 3 øre/kWh
  • Nord-Noreg (NO4): 2 øre/kWh
  • Vest-Noreg (NO5): 6 øre/kWh

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 32 2025

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Rikke Helene Bækken

Epost: riba@nve.no