Vind og våte varslar bidrog til prisnedgang i kraftmarknaden

Etter ein relativt tørr og vindstille juli bidrog vêret i helgen til auka uregulert kraftproduksjon og lågare kraftprisar i Norden. Høg vindkraftproduksjon på kontinentet medverka dessutan til at Norden var nettoimportør av kraft i veke 32.

Våte vêrvarslar bidrog til at prisen på septemberkontrakten gjekk ned med nesten 10 prosent sist veke. I følgje NVE sin prognose er det venta 4,6 TWh nedbørsenergi i veke 33. Dette er 230 prosent av normalen.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 32 2019 her. (PDF)