Publisert 15.08.2018

Kraftsituasjonen veke 32 2018

Lågtrykk bidrog til vidare oppgang i fyllingsgraden.

Eit lågtrykk som gjekk over Norden i førre veke tok med seg mykje vind og regn. Dette bidrog til auka kraftproduksjon frå vindkraft, småkraft og elvekraftverk samstundes som den regulerbare kraftproduksjonen i Noreg gjekk ned. Auka tilsig og lågare kraftproduksjon frå regulerbare kraftverk medverka til ein oppgang i fyllingsgraden på nesten to prosenteiningar.

Dei nordiske kraftprisene fall med rundt 3 øre/kWh frå veka før, men er framleis høge. Kraftprisane i dei norske elspotområda var noko lågare enn i resten av Norden, noko som medverka til nettoeksport ut av landet, medan Norden totalt sett hadde nettoimport av kraft.

Prisane i framtidsmarknaden gjekk ned som følgje av nedbøren og våte vêrvarslar framover, og terminprisen for september ligg no på rundt 45 øre/kWh.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 32 her. (PDF)

Kontaktperson

Overingeniør Jonas Skaare Amundsen,

Tlf: 22 95 94 42