Publisert 06.08.2025 , sist oppdatert 12.08.2025

Kraftsituasjonen veke 31, 2025

Lågare vasskraftproduksjon og nettoeksport ut frå Noreg

I førre veke gjekk vasskraftproduksjonen og nettoeksporten av kraft frå Noreg ned frå veka før. Magasinfyllinga auka i alle deler av landet, med unntak av prisområdet NO2, som dekker Sørvest-Noreg. På grunn av regn er det venta meir tilsig av vatn i dette området den kommande veka.

I eit værbasert kraftsystem som det norske, er det normalt at ressurssituasjonen i vassmagasina varierer ein god del frå til år. I Norge samla er fyllingsgraden nå nær medianen for dei siste 20 åra. I det store prisområdet NO2 i Sørvest-Noreg er fyllingsgraden godt under medianen, men samstundes over minimumsnivået for veke 31 dei siste åra.

Lågare vasskraftproduksjon og nettoeksport ut frå Noreg
Kraftproduksjonen i Noreg var lågare i veke 31 enn veka før, og det var stort sett vasskraftproduksjon frå magasin som vart redusert. Vindkraftproduksjon i Nord-Europa auka førre veke,  og Noreg fekk fleire timar med import av billig kraft frå sørlege Sverige (SE3) og kontinentet. Dette bidrog til lågare nettoeksport frå sørlege Noreg enn veka før.  I tillegg var det vedlikehaldsarbeid på overføringslinjer i nordlege Norden, som ga lågare tilgjengeleg kapasitet mellom dei nordlege områda i Noreg og Sverige (NO3, NO4, SE1 og SE2). Dette bidrog til lågare nettoeksport frå Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) enn veka før.

Lågare kraftprisar i store delar av Nord-Europa
Høgare vindkraftproduksjon og framleis høg solkraftproduksjon i Nord-Europa bidrog til fleire timar med låge kraftprisar gjennom veka, særleg på dagtid. På søndag var det negative prisar midt på dagen i både Nederland og Tyskland. I desse timane hadde Noreg nettoimport frå kontinentet, og Sørvest-Noreg (NO2) fekk prisar på nivå med kontinentet. Prisfall på dagtid og i helga bidrog til lågare vekepris i store delar av Nord-Europa.

Mindre prisskilnad i sørlege Noreg
Det var høgare kraftflyt mellom fleira av prisområda i sørlege Noreg enn veka før. Nedgangen i kraftproduksjonen i Sørvest-Noreg (NO2) vart delvis motsvara av ei auke i vasskraftproduksjonen i Vest-Noreg (NO5). Høgare tilgjengeleg overføringskapasitet bidrog til at det var mogeleg å frakte meir kraft frå vest til aust og frå aust til sør i sørlege Noreg. Dette bidrog til lågare prisskilnad mellom prisområda i sørlege Noreg enn veka før.

Gjennomsnittlege prisar i veke 31:

  • Søraust-Noreg (NO1): 57 øre/kWh
  • Sørvest-Noreg (NO2): 81 øre/kWh
  • Midt-Noreg (NO3): 10 øre/kWh
  • Nord-Noreg (NO4): 2 øre/kWh
  • Vest-Noreg (NO5): 27 øre/kWh

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 31 2025

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Silje Jelsness

Epost: sitj@nve.no