Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 07.08.2019

Kraftsituasjonen veke 31 2019

Norske kraftprisar lågast i Norden: For veke 31 låg dei norske områdeprisane mellom 38,6 – 38,7 øre/kWh, ein auke på seks prosent samanlikna med veka før. Auken har samanheng med lågare kraftproduksjon i Sverige og Danmark. Trass auken har Noreg dei lågaste prisane i Norden.

Noreg hadde førre veke den høgaste vekeeksport for 2019, med ein nettoeksport på 445 GWh. Dette heng blant anna saman med auke i norsk kraftproduksjon og nemnte reduksjon i Svensk og Dansk kraftproduksjon.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 31 2019 her. (PDF)

Kontaktpersonar

Overingeniør Lars Eirik Eilifsen
Epost: laee@nve.no

Fungerande seksjonssjef Eirik Veirød
Epost: eioy@nve.no