Vassmagasina i Noreg fyllast.

For fyrste gang på fem veker auka vassmagasinfyllinga i Noreg,  grunna meir regn enn normalt.

Det var lav vindkraftproduksjon i Danmark, og som følgje av høge temperaturar i sjøvatnet til nedkjøling av reaktorane, reduserte Sverige sin kjernekraftproduksjon førre veke. Dette bidrog til at Norden hadde nettoimport av kraft for sjette veke på rad.

Kraftprisen i Noreg og Norden er framleis høg. Den gjennomsnittlege prisen for nordisk kraft for juli var 49 øre/kWh, som er det høgaste nokon gang for juli månad.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 31 her. (PDF)