Publisert 09.08.2017

Kraftsituasjonen veke 31 2017

Nedbør og vind reduserte prisane i Norden

Førre veke kom det mykje nedbør og tilsig i Noreg. Dette medverka til auka vasskraftproduksjon i alle prisområder med unntak av Midt-Noreg, der det var mindre nedbør. I Sverige og Danmark auka vindkraftproduksjonen, noko som saman med nedbøren medverka til lågare prisar i Norden.

Prisnivået i nord var om lag 5 øre/kWh lågare enn i Sør-Noreg. Snøen i nord har vore om tre gonger normalen i vinter. Smeltinga har ført til eit høgt kraftoverskot i regionen. Saman med arbeid i nettet som avgrensar eksportmoglegheita av kraft sørover, fører det til lågare kraftpris i Nord-Noreg.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 31 her. (PDF)

Kontaktperson

Rådgjevar Martin Andreas Vik, tlf 22 95 93 31