Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 03.08.2022

Kraftsituasjonen veke 30, 2022

Låg kraftproduksjon i sørlege Norge og ny prisrekord

I Sørvest-Noreg fekk vi nok ein rekordhøg vekepris på 322 øre/kWh i veka som gjekk, ein auke på 5 prosent frå veka før. I Søraust- og Vest-Noreg auka vekeprisen med 13 prosent. Kraftprisane her er likevel klart lågare enn i Sørvest-Noreg. Flaskehalsar i det norske kraftnettet gjer at vi får prisforskjellar også mellom områda i sørlege Noreg. Sørvest-Noreg blir sterkare påverka av kraftprisane på kontinentet enn Søraust- og Vest-Noreg. Prisane i Nord- og Midt-Noreg heldt seg framleis på eit svært lågt nivå, med ein vekepris på 2 øre/kWh.

Mykje vindkraftproduksjon både i Norden og på kontinentet bidrog til reduserte prisar i starten av veka. I siste halvdel av veka fall vindkraftproduksjonen. Samstundes var det ein nedgang i vasskraftproduksjon i sørlege Noreg frå dei føregåande vekene. Låg vindkraftproduksjon kombinert med reduksjon i vasskraftproduksjonen bidrog til å løfte prisnivået og trekkje opp snittprisen over veka. I Sørvest-Noreg viser førebelse tal at samla vekeproduksjon av regulerbar vasskraft var den lågaste hittil i år, og ligg lågt for årstida. Nedgangen i den regulerbare vasskraftproduksjonen kan tyde på at vasskraftprodusentane sparer på vatnet og verdset det høgt.

Redusert innanlands kraftproduksjon bidrog  til mindre eksport i veka som gjekk. Førebelse tal viser at sørlege Noreg totalt fekk ein nettoimport på 61 GWh. Dette er ein reduksjon på 263 GWh frå veka før. Normalt har vi ikkje brukt å sjå nettoimport over ei veke i sørlege Noreg på denne tida av året.

Fyllingsgrada i magasina i sørlege Noreg auka med 1,3  prosentpoeng førre veke, men er framleis på eit lågt nivå for årstida.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 30 2022 (PDF).

Vassmagasinstatistikk 

Ved utgangen av veke 30 var fyllingsgrada i norske magasin 66,5 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 74,9 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 1,3 prosenteiningar. Høgast magasinfylling hadde Midt-Noreg (NO3) med 88,4 prosent, mens Sørvest-Noreg (NO2) hadde lågast fylling med 49,3 prosent. Les meir om vassmagasinstatistikk her.

Kontaktperson

Rådgiver Ingvild Vestre Sem
Epost: ivs@nve.no