Framleis høge prisar og tørt vêr.

Kraftprisen i Noreg var framleis høg førre veke. Den høge prisen heng saman med redusert hydrologisk balanse grunna tørt og varmt vêr, og høge produksjonskostnadar for fossil kraftproduksjon.

I resten av Europa var det enda høgare prisar enn i Noreg, og NO4 var det einaste området med ein kraftpris under 50 øre/kWh.

Noreg hadde nettoeksport av kraft i veke 30. Hovudsakleg gjekk eksporten til Sverige og Danmark, grunna låg vindkraftproduksjon, og tørt vêr også der. Trass i ein auke i produksjon samanlikna med veka før, importerte både Danmark og Finland betydeleg med kraft i veka som gjekk. Dette bidrog til at Norden totalt sett hadde nettoimport av kraft for femte veka på rad.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 30 her. (PDF)