Kraftsituasjonen veke 3, 2026
Mildare vêr og lågare kraftprisar
Høgare temperatur og nedgang i kraftforbruket i Noreg
I veke 3 var det temperaturar omtrent som normalt for årstida. Dette til forskjell frå veka før, kor det var kaldare enn normalt i store deler av landet. Auken i temperatur bidrog til en monaleg reduksjon i kraftforbruket i Noreg, og endringa var størst i hushaldingar og tenesteytande sektor.
Lågare kraftprisar
Gjennomsnittlege kraftprisar for veka minka i alle dei norske prisområda og på store delar av kontinentet, samanlikna med veka før. Ein viktig årsak til nedgangen var færre enkelttimar med høg kraftpris. Det var likevel nokre høgpristimar måndag i veke 3 som trakk vekesnittet opp for Søraust- og Midt-Noreg (NO1 og NO3). Prisane i Midt-Noreg låg tett opptil kraftprisane i sørlege Noreg gjennom store delar av veka, og prisskilnaden mellom Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) auka frå veka før.
Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 3:
- Søraust-Noreg (NO1): 121 øre/kWh
- Sørvest-Noreg (NO2): 115 øre/kWh
- Midt-Noreg (NO3): 110 øre/kWh
- Nord-Noreg (NO4): 45 øre/kWh
- Vest-Noreg (NO5): 116 øre/kWh
Framleis høg kraftproduksjon i Noreg
Den norske kraftproduksjonen samla sett gjekk ned frå veka før, men heldt seg på eit høgt nivå for årstida. Sjølv om det var ein nedgang i vasskraft med magasin, er vi inne i ei tid på året der tilsiget er lågt og magasinfyllinga gjekk ned i alle dei norske prisområda. Vindkraftproduksjonen i Noreg auka samanlikna med veka før, og vi må tilbake til veke 51 i 2024 for å finne høgare vindkraftproduksjon i Noreg over ei veke.
Merknad
Det manglar nokre data for dansk vindkraftproduksjon for store delar av veka. Dette påverkar figurar- og tabellar i rapporten.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 3 2026
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Kraftpriser og kraftsystemdata
NVE lanserer no den første versjonen av «Kraftpriser og kraftsystemdata». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.