Kraftsituasjonen veke 29, 2025
Store prisskilnadar i sørlege Noreg
Redusert vindkraftproduksjon i Nord-Europa
Det var redusert vindkraftproduksjon i Norden og Tyskland i veke 29 samanlikna med veka før. Samstundes var det auka solkraftproduksjon i Danmark og Tyskland. I timane då det var lite vindkraft og solkraft vart deler av det danske og tyske forbruket dekka av kraftimport. I desse timane var det auka vasskraftproduksjon og krafteksport frå Sørvest-Noreg (NO2). Det var høg vasskraftproduksjon for årstida i Sørvest-Noreg, som saman med lågt tilsig bidrog til at magasinfyllinga gjekk ned frå veka før.
Større prisskilnadar i sørlege Noreg
Det var store prisskilnadar i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) i veke 29. Vekeprisen i Vest-Noreg (NO5) har falt fleire veker på rad, og var i veke 29 på nivå med gjennomsnittsprisen i Midt-Noreg (NO3). Kraftprisane i Sørvest- og Søraust-Noreg (NO1 og NO2) auka, og prisskilnaden i sørlege Noreg auka frå veka før. Prisskilnaden kjem mellom anna av dei siste vekers styrking av ressurssituasjonen i Vest-Noreg i tillegg til sesongmessig vedlikehald i nettet. Gjennomsnittlege prisar i veke 29:
- Søraust-Noreg (NO1): 53 øre/kWh
- Sørvest-Noreg (NO2): 88 øre/kWh
- Midt-Noreg (NO3): 8 øre/kWh
- Nord-Noreg (NO4): 3 øre/kWh
- Vest-Noreg (NO5): 8 øre/kWh
Høgare nettoeksport frå Midt- og Nord-Noreg
Nettoeksporten frå Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) auka i veke 29 samanlikna med veka før. Det var høgare kraftflyt frå Midt- og Nord-Noreg til Nord-Sverige (SE1 og SE2), der vekeprisane var høgare enn i veke 28. Ferdigstilt vedlikehaldsarbeid i nettet bidrog til meir tilgjengeleg overføringskapasitet sørover i Sverige og mellom SE1 og Finland. Dette bidrog til dei auka kraftprisane i Nord-Sverige.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 29 2025
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.