Publisert 26.07.2017

Kraftsituasjonen veke 29 2017

Auke i nordisk nettoeksport

I førre veke var det litt lågare forbruk i Norden, samstundes som at meir kjernekraft vart tilgjengeleg for marknaden. Dette medverka til reduserte kraftprisar, og til at nordisk nettoeksport gjekk opp til sitt høgaste nivå hittil i år.

Nord-Noreg har framleis dei lågaste kraftprisane i Norden, noko som heng saman med snøsmelting og redusert eksportkapasitet ut av området grunna arbeider i nettet.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 29 her. (PDF)

Kontaktperson

Rådgjevar Harald Endresen, tlf 452 52 941