Kraftsituasjonen veke 28, 2025
Auka prisskilnadar i sørlege Noreg
Lågare produksjon og forbruk i Noreg
Førre veke gjekk både produksjonen og forbruket ned i Noreg samanlikna med veka før. Mindre vindkraftproduksjon bidrog til nedgangen i produksjonen, medan fellesferie i kombinasjon med auka temperaturar medverka til ein reduksjon i forbruket. Sidan forbruket minka meir enn produksjonen, auka nettoeksporten frå Noreg.
Auka prisar i Norden og større prisskilnadar i sørlege Noreg
Samanlikna med veka før auka vekeprisane fleire stader i Norden. I Noreg auka kraftprisane i alle prisområda, bortsett frå i Vest-Noreg (NO5) som hadde ein liten nedgang. Oppgangen hadde samanheng med at det var mindre vindkraftproduksjon i Norden, samstundes som det var mindre vind- og solkraftproduksjon på kontinentet enn i veka før.
Dei siste vekene har prisskilnadane mellom prisområda i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) auka. Det går føre seg sesongmessig vedlikehald i nettet, og dermed er det periodar med redusert overføringskapasitet enkelte stader som kan ha medverka til prisskilnadane. ennomsnittlege prisar i veke 28:
- Søraust-Noreg (NO1): 51 øre/kWh
- Sørvest-Noreg (NO2): 79 øre/kWh
- Midt-Noreg (NO3): 5 øre/kWh
- Nord-Noreg (NO4): 4 øre/kWh
- Vest-Noreg (NO5): 22 øre/kWh
Rekordlåg døgnpris i NO5
Søndag 13. juli var det fleire timar med negative kraftprisar i Vest-Noreg, og gjennomsnittsprisen for døgnet vart den lågaste som er registrert for prisområdet. Auka vindkraftproduksjon i Sverige (SE2 og SE3) bidrog til auka import til sørlege Noreg, noko som igjen bidrog til at det gjekk større kraftflyt sørover til kontinentet. Importen til sørlege Noreg, saman med avgrensingar i nettet der, medverka til at nettoeksporten frå Vest-Noreg gjekk ned i perioden. Vest-Noreg hadde fleire timar med kraftprisar under -10 øre/kWh. Den første timen i døgnet var prisen på -26 øre/kWh, som er den lågaste timeprisen i prisområdet nokon gong.
NB: Det var mangelfull data for kjernekraftproduksjon i Finland 12. juli mellom klokka 15 og 17. Vi har nytta førebels statistikk frå Montel Syspower denne perioden.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 28 2025
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.