Publisert 09.07.2025

Kraftsituasjonen veke 27, 2025

Auka produksjon i Noreg og auka kraftprisar i store delar av Europa

Auka vasskraftproduksjon i Noreg
Førre veke hadde Noreg auka vasskraftproduksjon. Samstundes var det ein reduksjon i vindkraftproduksjonen. Trass nedgang i vindkrafta, auka Noreg kraftproduksjonen samla sett. Forbruket heldt seg på nivå med veka før, og Noreg hadde auka nettoeksport til kontinentet. 

Auka kraftprisar i store delar av Europa
I Europa bidrog ei hetebølgje til større kjølebehov, og dermed auka forbruket sist veke. Det var også lågare vindkraftproduksjon samanlikna med veka før. Dette bidrog til at dei gjennomsnittlege kraftprisane for veka auka i store delar av Europa.

Midt-Noreg fekk den lågaste vekeprisen
Nord-Noreg (NO4) hadde auka produksjon, som bidrog til høgare nettoeksport til Midt-Noreg (NO3). I tillegg var det vedlikehaldsarbeid fleire stader i nettet, noko som bidrog til flaskehalsar mellom Midt-Noreg og sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5). Dette var ein medverkande årsak til at Midt-Noreg fekk den lågaste vekeprisen i Europa. Gjennomsnittlege prisar i veke 27:

  • Søraust-Noreg (NO1): 42 øre/kWh
  • Sørvest-Noreg (NO2): 68 øre/kWh
  • Midt-Noreg (NO3): 2 øre/kWh
  • Nord-Noreg (NO4): 3 øre/kWh
  • Vest-Noreg (NO5): 24 øre/kWh

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 27 2025

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Rikke Helene Bækken

Epost: riba@nve.no