Mindre vindkraftproduksjon bidrog til høgare norsk nettoeksport.

Mindre vind bidrog til ein sterk nedgang i vindkraftproduksjonen i Sør-Sverige og Danmark i veke 27. Dette medverka til høgare prisar i dei nordiske elspotområda og ein auke i vasskraftproduksjonen i Nord-Sverige og Sør-Noreg. Norsk nettoeksport auka til 559 GWh, og ligg i nærleiken av maksimal tilgjengeleg eksportkapasitet for tida.

Grunna flaskehalsar i nettet, låg prisen i dei norske elspotområda i snitt 10 øre/kWh lågare enn i resten av Norden.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 27 her. (PDF)