Publisert 02.07.2025

Kraftsituasjonen veke 26, 2025

Auka vindkraftproduksjon i Norden og nord på kontinentet

Lågare prisar på kontinentet ga lågare nettoeksport frå Noreg
Førre veke hadde Noreg lågare nettoeksport som følgje av redusert eksport frå sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5). Ei viktig årsak til dette var fleire periodar med lågare kraftprisar i mellom anna Danmark og Tyskland. Prisnedgangen her har samanheng med at det var periodar med meir vindkraftproduksjon enn i veka før. Dette gjeld spesielt i starten av veka og i helga.

Lågare prisar i sørlege delar av Norden
Sist veke var det ein reduksjon i vekesprisene sør i Norden, medan det var ein liten auke i Nord-Sverige (SE1 og SE2). Finland hadde størst auke frå veka før. Ei årsak til det var at sørlege delar av Norden hadde høgare vindkraftproduksjon enn i nord gjennom veka, samstundes som det var ein markant auke i vindkraftproduksjon i Tyskland. Dette bidrog  til fleire lågpristimar og import til sørlege Noreg frå desse landa, enn i veka før. I sørlege Noreg vart vekesnittet mellom 15-24 øre/kWh lågare, medan kraftprisen var tilnærma uendra i Midt- og Nord-Norge (NO3 og NO4). Gjennomsnittlege prisar i veke 26: 

  • Søraust-Noreg (NO1): 40 øre/kWh
  • Sørvest-Noreg (NO2): 57 øre/kWh
  • Midt-Noreg (NO3): 7 øre/kWh
  • Nord-Noreg (NO4): 3 øre/kWh
  • Vest-Noreg (NO5): 26 øre/kWh

I sørlege Noreg auka prisskilnadane frå veka før. Særleg var det større prisskilnad mellom Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2). Det var spesielt i helga at Søraust-Noreg hadde lågare kraftpris, som følgje av høg import av kraft frå Sør-Sverige (SE3).

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 26 2025

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Lasse Nygaard Kvasnes

Epost: lakv@nve.no