Små endringar i Noreg.

Straumforbruket i Noreg var tilnærma likt i førre veka samanlikna med veka før, straumproduksjonen auka med to prosentpoeng frå veka før. Områdeprisane i Noreg låg mellom 27 og 29 øre/kWh, det er 35 – 38 % lågare enn på same tid i fjor. 

Fyllingsgraden i Noreg er på 70,2 %, det er 2,3 prosentpoeng over median på denne tida av året. Den berekna hydrologiske balansen, energi lagra i vassmagasin, snø og grunnvatn, er 4,7 TWh under normalen.

 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 26 2019 her. (PDF)