Kraftsituasjonen veke 25, 2025
Auka vindkraftproduksjon i Norden
Ulik utvikling i dei nordiske kraftprisane
Kraftprisane i Norden utvikla seg ulikt i veke 25. Medan vekeprisane i Danmark og Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2) auka frå veka før, gjekk dei ned i resten av Norden. Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 25:
- Søraust-Noreg (NO1): 64 øre/kWh
- Sørvest-Noreg (NO2): 72 øre/kWh
- Midt-Noreg (NO3): 7 øre/kWh
- Nord-Noreg (NO4): 3 øre/kWh
- Vest-Noreg (NO5): 44 øre/kWh
Auka vindkraftproduksjon og lågare kraftprisar fleire stedar i Norden
Redusert forbruk og auka vindkraftproduksjon bidrog til reduserte kraftprisar i Finland, Sverige og deler av Noreg (NO3, NO4 og NO5). I Sverige vart det fleire timar med flaskehalsar mot kontinentet. Dette medverka til at kraftprisane sør i Sverige (SE3 og SE4) i mindre grad enn Søraust- og Sørvest-Noreg, vart påverka av prisane på kontinentet.
Termisk kraftproduksjon dekte meir av forbruket på kontinentet
Det var lågare vindkraftproduksjon nord på kontinentet og i Storbritannia samanlikna med veka før. Forbruket i desse landa måtte dermed i større grad dekkjast av dyrare termisk kraftproduksjon og import. Dette medverka til at kraftprisane på kontinentet auka og varierte mykje time for time gjennom veka. Dei auka prisane på kontinentet var med på å trekkje opp kraftprisane i Danmark og i Søraust- og Sørvest-Noreg. Samstundes bidrog den fleksible vasskrafta og flaskehalsar i nettet til å dempe prisvariasjonane i Noreg samanlikna med kontinentet.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 25 2025
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.