Publisert 26.06.2019

Kraftsituasjonen veke 25 2019

Små endringar frå veka før

I veke 25 bidrog midtsommarfeiring til lågare forbruk i Sverige og Finland, og det var litt mindre vindkraftproduksjon. Elles var det ikkje store endringar samanlikna med veke 24.

Prisane i Noreg gjekk noko opp, og prisane i dei norske områda vart meir like. Dei norske prisane var 20-30 prosent lågare i veke 25 enn same tid i fjor.

 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 25 2019 her. (PDF)

Kontaktperson

Seniorrådgiver Harald Endresen, 22959419, haen@nve.no