Vedlikehald gav effektprisar i DK2

Samanlikna med veka før, var det ingen store endringar i verken produksjon eller forbruk i Noreg i veke 24. I våre nordiske naboland auka derimot kraftproduksjonen kraftig i Danmark, medan den sank i Sverige og Finland. Likevel førte dette til at Danmark importerte kraft og at det var fleire timar med effektprisar i DK2 i starten av veka.

Det har vært mykje planlagt vedlikehald av kraftsystemet dei siste vekene, noko som er normalt for denne tida på året. Førre veke var det også noko ikkje planlagt vedlikehald. Til dømes har forbindinga mellom DK2 og SE4 vore ute av drift frå starten av mai, og forbindinga mellom DK2 og Tyskland frå sluten av mai, noko som medverka til dei tidvis høge prisane i DK2.

 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 24 her.(PDF)