Ytterlegare auke i kraftprisen.

Kraftprisen i Noreg steig ytterlegare førre veke. Samanlikna med i fjor er prisen dobbelt så høy i alle elspotområda, og den gjennomsnittlege vekeprisen låg på om lag 43,7 øre/kWh i heile landet. I resten av Europa er prisane framleis høgare enn i Noreg.

Vindkraftproduksjonen i Danmark var betydeleg lågare førre veke samanlikna med veka før. Også i Sør-Sverige sank kraftproduksjonen. I Noreg auka derimot produksjonen, noko som medverka til at Noreg var einaste nordiske land med nettoeksport.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 23 her.  (PDF)