Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 06.06.2018

Kraftsituasjonen veke 22 2018

Lite nedbør aukar kraftprisen.

I staden for ein normal nedbørenergi på 4,0 TWh dei siste tre vekene, har det fordampa vatn tilsvarande 2,6 TWh ifølge NVEs modellar. Det har medverka til at kraftprodusentane har mindre vatn å omdanne til kraft.

Det er òg mindre snø att i fjellet enn vanleg grunna unormal rask smelting og fordamping.

Mangelen på nedbør førar til at kraftprisane i haust og neste vinter er venta å bli høge. Kraftprodusentane vil derfor spare meir vatn til seinare, og det får konsekvensar for kraftprisen no i sommar.

Samstundes gjer auken i kôl- og CO2-prisen at handel med Europa vert dyrare. Til saman medverka det til at kraftprisen auka med om lag 10 prosent førre veke i dei norske prisområda til 40 øre/kWh i snitt.

Trass i auken var det den lågaste snittprisen i Norden.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 22 her.  (PDF)

 

Kontaktpersoner:

Rådgjevar Martin Andreas Vik,
Tlf: 22 95 93 31

Seksjonsleiar Vegard Willumsen;
Tlf: 22 95 91 85