Publisert 28.05.2025

Kraftsituasjonen veke 21, 2025

Snøsmelting i nord og høgare vindkraftproduksjon

Auka uregulerbar produksjon

Vindkraftproduksjonen auka i Norden førre veke og var høg for årstida i alle dei nordiske landa. Det vart produsert om lag 2 TWh frå vindkraft, og vindkrafta dekket dermed 30 prosent av det nordiske vekesforbruket. Det var spesielt i nordlege Norden (NO3, NO4, SE1, SE2 og Finland) at vindkraftproduksjonen var høg. Snøsmeltinga har starta i nord. Det ga høgare tilsig og høgare uregulerbar kraftproduksjon i førre veke.

Lågare prisar i Norden

Meir uregulerbar kraftproduksjon i Norden og fleire timar med låge kraftprisar på kontinentet bidrog til at dei norske kraftprisane i snitt gjekk ned samanlikna med veka før. Sterk hydrologisk situasjon i nordlege Norden bidrog til særs låge prisar her, og vekesprisen var mellom 3-7 øre/kWh.

Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 21:

  • Søraust-Noreg (NO1): 67 øre/kWh
  • Sørvest-Noreg (NO2): 70 øre/kWh
  • Midt-Noreg (NO3): 6 øre/kWh
  • Nord-Noreg (NO4): 3 øre/kWh
  • Vest-Noreg (NO5): 47 øre/kWh

Høgare nettoeksport frå nord i Noreg

Den gode ressurssituasjonen nord i Noreg (NO3 og NO4) bidrog til den høgaste nettoeksporten over ei veke hittil i år. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var utvekslinga med naboområda meir balansert. Det var nesten like mykje import og eksport av kraft og nettoeksporten var tilnærma uendra frå veka før.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 21 2025

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Silje Jelsness

Epost: sitj@nve.no