Publisert 23.05.2018

Kraftsituasjonen veke 20 2018

Forbruket i Noreg var lågt i førre veke, noko som heng saman med dei høge temperaturane i landet og feiring av grunnlovsdagen. Samstundes ligg det no mindre snø igjen i fjellet og vassføringa gjekk ned i dei store vassdraga i Sør-Noreg.

Kraftproduksjonen frå dei andre nordiske landa gjekk ned grunna lågare vindkraftproduksjon i Sverige og Danmark og vedlikehaldsarbeid i finske kjernekraftverk.

Auka behov for regulerbar kraft medverka til høgare kraftprisar i samlege av dei nordiske elspotområda. I snitt for veka gjekk den nordiske kraftprisen opp frå 24 til 32 øre/kWh, som er same nivå som prisen låg på i vekene før flaumen.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 20 her.  (PDF)

Kontaktperson

Overingeniør Jonas Skaare Amundsen,

Tlf: 22 95 94 42