Oppgang i norsk magasinfylling. Varmt og vått vêr bidrog til høgt tilsig og lågare kraftetterspurnad sist veke.

Den norske magasinfyllinga gjekk opp 6,7 prosenteiningar, noko som tyder på at vårløysinga er i gang i store deler av landet. Den store snøsmeltinga lar framleis vente på seg i Nord-Noreg, og magasinfyllinga ligg no 0,8 prosenteiningar under historisk minimum for veka (2002-2016). Statnett sendte måndag 22.mai ut ein marknadsmelding om at det planlagde vedlikehaldet på linja mellom Kvandal, Ofoten og Ritsem blir utsatt med omsyn til forsyningstryggleiken i Nord-Noreg.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 20 her. (PDF)