Publisert 17.01.2018

Kraftsituasjonen veke 2 2018

Norsk vasskraft tok seg av auka forbruk i Norden.

Frå veke 1 til 2 gjekk temperaturen ned i dei befolkningstette områda i Norden.

Den samla oppgangen på det nordiske kraftforbruket var på over 500 GWh. Denne auken i forbruket medverka til at kraftprisane gjekk opp med om lag 13 prosent i Noreg og Norden. Dette gav signal til norske kraftverk til å auke produksjonen, noko som óg medverka til ein firedobling av nettoeksporten, samanlikna med veka før.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 2 2018 her. (PDF)   

Kontaktperson

Rådgjevar Martin Andreas Vik,
Tlf: 22 95 93 31