Kraftsituasjonen veke 19, 2025
Store prisvariasjonar gjennom veka
Høgpristimar i Sørlege Noreg
Det var stor variasjon i kraftprisane gjennom veka. I vekedagane var det fleire høgpristimar som bidrog til å trekke vekeprisen opp frå veka før. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) auka vekeprisane meir enn 50 prosent slik at dei var på nivå med kraftprisane på kontinentet.
Gjennomsnittlege kraftprisar i veke 19:
- Søraust-Noreg (NO1): 92 øre/kWh
- Sørvest-Noreg (NO2): 94 øre/kWh
- Midt-Noreg (NO3): 30 øre/kWh
- Nord-Noreg (NO4): 25 øre/kWh
- Vest-Noreg (NO5): 69 øre/kWh
Timar med negative prisar på kontinentet
I helga var det mykje solkraft og timar med låge og negative prisar på kontinentet. I desse timane hadde Noreg full import av kraft, og det oppstod flaskehalsar mellom Noreg og kontinentet. Dette bidrog til at Noreg ikkje fekk like låge prisar. I til dømes Sørvest-Noreg (NO2) var det ein kraftpris på 12 øre/kWh i same time som Tyskland hadde ein pris på -292 øre/kWh.
Høgaste vekeprisen i Nord-Norge i år
Nord-Noreg (NO4) fekk sitt høgaste vekesnitt hittil i år på 25 øre/kWh. Det er fleire årsaker til prisauken, blant anna lågare vindkraftproduksjon nord i Sverige (SE1 og SE2) og noko vasskraft var ute til vedlikehald i Nord-Noreg. Det bidrog til færre timar med flaskehalsar i det nordiske nettet og enkelte timar med låg prisskilnad mellom dei nordlege og sørlege prisområda. Sjølv om prisauken i Nord-Noreg var relativt stor, var prisen framleis blant dei lågaste i Norden og Europa.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 19 2025
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.