Høgare prisar og redusert kapasitet på nettforbindelsar.

Kraftprisane gjekk opp i alle prisområder i veke 19. Gjennomsnittsprisen i Noreg var på 41 – 42 øre/kWh, det er ein oppgang på mellom sju og ti prosent frå veka før. Oppgangen skuldast blant anna kaldare vêr som førte til auka straumforbruk og redusert tilsig til kraftmagasina.

Det er redusert kapasitet på mange nettforbindelsar i Noreg og mot våre naboland grunna planlagde revisjonar av kraftnettet.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 19 2019 her. (PDF)