Flaum og forbigåande låge kraftprisar.

Varmt vêr sette fart i snøsmeltinga i førre veke. Det ga flaum i mange vassdrag, spesielt på Austlandet, og rekordhøgt tilsig til vasskraftverka. Magasinfyllinga i Noreg gjekk opp med 10 prosentpoeng og ligg no over median. I Aust-Noreg gjekk fyllingsgraden opp med 25 prosentpoeng.

Den raske snøsmeltinga gjorde at kraftprisane i Noreg gjekk ned med 5-10 øre/kWh samanlikna med veka før. I enkelttimar natt til fredag og laurdag var kraftprisen rundt 3 øre/kWh, noko som er uvanlig lågt. I snitt for veka var prisen 24 øre/kWh i Sør- og Midt-Noreg og 30 øre/ kWh i Nord-Noreg.

Samstundes som timesprisen på straum gjekk ned, auka prisen på framtidige leveransar av straum i førre veke. Marknaden forventar no kraftprisar på 33 og 37 øre/kWh i tredje og fjerde kvartal. Dette er 80 prosent høgare enn for eitt år sidan. Prisauken heng saman med at det har vore lite nedbør i år, og at prisane på kull, gass og CO2 har gått opp.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 19 her.  (PDF)