Vêromslag ga høgare forbruk.

Lågare temperaturar bidrog til auka forbruk i heile Norden i veke 19. Kombinert med lågare vindkraftproduksjon bidrog dette til auka kraftprisar.

Grunna låg magasinfylling, kaldt vêr og lite tilsig vurderer Statnett kraftsituasjonen nord for Ofoten som stram. Mykje snø gjer at ressurssituasjonen i området er god, men kaldt vêr bidreg til høgare forbruk og låg snøsmelting. NVEs prognosar tilseier fortsatt låg snøsmelting dei neste ti dagane.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 19 her. (PDF)