Publisert 07.05.2025

Kraftsituasjonen veke 18, 2025

Auka vind- og solkraftproduksjon bidrog til lågare kraftprisar

Brei nedgang i kraftprisane
Ein nedgang i forbruket og auka tilgang på rimeleg fornybar kraft bidrog til å redusere kraftprisane i Norden og nord på kontinentet i veke 18. Samanlikna med veke 17 var det færre enkelttimar der Noreg følgde høgpristimane på kontinentet. Samstundes var det fleire periodar med låge kraftprisar på kontinentet som trekte ned kraftprisane også i Noreg. Spesielt i helga var det periodar med låge kraftprisar, og enkelttimar der prisen i Sørvest-Noreg (NO2) var nær null øre/kWh. I desse timane vart det importert kraft til Noreg.

Gjennomsnittlege kraftprisar i veke 18:

  • Søraust-Noreg (NO1): 55 øre/kWh
  • Sørvest-Noreg (NO2): 59 øre/kWh
  • Midt-Noreg (NO3): 8 øre/kWh
  • Nord-Noreg (NO4): 3 øre/kWh
  • Vest-Noreg (NO5): 39 øre/kWh

Auka vind-, sol- og kjernekraftproduksjon
Nedgangen i kraftprisar har mellom anna samanheng med auka kraftproduksjon frå sol- og vindkraft, både i Norden og på kontinentet. I tillegg var Olkiluoto 3 på tysdag tilbake i drift etter årleg vedlikehald, noko som bidrog til å auke kjernekraftproduksjonen i Norden. Høgare tilgang på rimeleg kraft og nedgang i kraftprisane medverka til lågare vasskraftproduksjon både i Noreg og Sverige samanlikna med veka før.

Redusert forbruk i Norden
Samstundes som det var auke i kraftproduksjonen frå sol- og vindkraft, vart forbruket i Noreg og Sverige lågare enn i veke 17. Mildare vêr  og offisiell høgtidsdag 1. mai medverka til nedgangen i forbruket.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 18 2025

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Øystein Løvstad Lekve

Epost: olek@nve.no