Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 12.05.2021

Kraftsituasjonen veke 18, 2021

Høge kraftprisar for sesongen

Høgare vindkraftproduksjon bidrog til å trekke ned prisnivået i kraftmarknaden i store delar av Norden og på kontinentet sist veke. I takt med at vindkraftproduksjonen i systemet auka, regulerte den norske vasskraftproduksjonen ned. Samstundes var det avgrensa importkapasitet på fleire av dei norske utenlandsforbindingane. Til saman bidrog dette til å dempe prisnedgangen i dei norske prisområda sist veke.

Den gjennomsnittlege norske kraftprisen var 52 øre/kWh i veke 18. Dette er svært høgt for årstida. Kaldt vêr har gjort at tilsiget til dei norske vassmagasina har vore lågare enn normalt dei siste vekene. Samstundes har rekordoppgangen i prisen på CO2-kvotar, og ei gradvis auke kol- og gassprisane, bidratt til å heve prisnivået i landa vi handlar kraft med.

 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 18, 2021 (PDF)

Kontaktpersonar

Seniorrådgiver Henriette Birkelund

Epost: henb@nve.no