Lågare forbruk og nettoimport til Noreg.

Høgare temperaturar i heile landet bidrog til lågare forbruk i førre veke. Kombinert med høg uregulerbar kraftproduksjon i Sverige, Danmark og Tyskland bidrog dette til redusert produksjon frå regulerbar vasskraft, og nok ei veke med nettoimport av kraft til Noreg.

Nettoeksporten ut av Noreg er så langt i år 1,7 TWh, som er ein halvering samanlikna med i fjor.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 18 her.  (PDF)