Publisert 30.04.2025

Kraftsituasjonen veke 17, 2025

Mindre vindkraftproduksjon og høgare kraftprisar

Auka forbruk etter ferien
I veke 17 auka forbruket i alle dei nordiske landa etter påskeferie veka før. I Noreg auka forbruket i alle prisområda, med størst auke i Søraust- og Midt-Noreg (NO1 og NO3).  

Lågare vindkraftproduksjon bidrog til auka kraftprisar i Norden
Samanlikna med veka før var det ein nedgang i vindkraftproduksjon både i Norden og på kontinentet. Kombinert med auka forbruk bidrog dette til fleire høgpristimar samanlikna med veka før, og høgare vekeprisar i Noreg.

Gjennomsnittlege kraftprisar i veke 17:

  • Søraust-Noreg (NO1): 76 øre/kWh
  • Sørvest-Noreg (NO2): 82 øre/kWh
  • Midt-Noreg  (NO3): 22 øre/kWh
  • Nord-Noreg (NO4): 2 øre/kWh
  • Vest-Noreg (NO5): 48 øre/kWh

Rekordhøg timepris for april i Søraust- og Sørvest-Noreg
Tysdag 22. april mellom kl. 20 og 21 vart det registrert rekordhøg kraftpris for april i Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2) på høvesvis 301 og 303 øre/kWh. Fleire faktorar bidrog til den høge prisen. Sidan det var første arbeidsdag etter påskeferien auka etterspurnaden, og dermed forbruket av kraft. Saman med låg vindkraft- og solkraftproduksjon i denne timen, samt låg kjernekraftproduksjon i Norden, bidrog det til ein svært høg timepris for årstida i Søraust- og Sørvest-Noreg.

Årets første negative timeprisar i Sørvest-Noreg
I løpet av helga tok vindkraftproduksjonen seg opp i Norden og på kontinentet. I timane midt på dagen bidrog solkraftproduksjon til fleire lågpristimar begge dagane. På sundag fekk Sørvest-Noreg negative timeprisar for første gong i år. 

NB: Det er feil i data for kraftflyt til og frå Danmark. Dette påverkar Figur 14. Vi jobbar med å løyse problemet.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 17 2025

Vassmagasinstatistikk

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Lasse Nygaard Kvasnes

Epost: lakv@nve.no