Kraftsituasjonen veke 16, 2025
Lågare forbruk i påskeveka
Påskeferie og mildare vêr enn veka før bidrog til ein nedgang i forbruket i både Noreg og Norden. Trass lågare forbruk, auka produksjonen i sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5) frå veka før. Dette heng saman med snøsmelting som ga meir tilsig og høgare uregulerbar kraftproduksjon. I tillegg var det meir tilgjengeleg utvekslingskapasitet til Storbritannia og høgare nettoeksport frå sørlege Noreg.
Lågare forbruk og meir uregulerbar kraftproduksjon i store delar av landet bidrog til at vekeprisane i dei norske prisområda fall frå veka før. I sørlege Noreg var vekesprisen mellom 35 og 58 øre/kWh. Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) hadde dei lågaste vekeprisane i Norden med høvesvis 5 og 1 øre/kWh. Dei låge prisane heng saman med høg magasinfylling for årstida, meir snø enn normalt i Nord-Noreg og flaskehalsar i nettet mot dei sørlege prisområda i Noreg.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 16 2025
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.