Vårlege temperaturar og lågare kraftprisar.

I førre veke var det høgare temperaturar enn normalt og mykje tilsig i hele landet. I samband med ei auke i vasskraftproduksjon frå ikkje-regulerbar kraft, førde dette til ein reduksjon i kraftprisane. Prisane er likevel fortsatt betydeleg høgare enn i fjor på denne tida. I Nord-Noreg var prisane førre veke heile 75 prosent høgare enn i same veke i 2017, medan dei for resten av landet var omtrent 35 prosent høgare.

Etter fem veke med nettoimport, var det førre veke nettoeksport ut frå Noreg. Låg vindkraftproduksjon, spesielt i Danmark, og redusert tilgjengeleg kjernekraft, var ein viktig grunn til dette. I tillegg hadde Noreg ein større reduksjon i forbruk enn resten av Norden, noko som førde til at norsk kraft kunne eksporterast til utlandet.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 16 her.