Kraftsituasjonen veke 15, 2025
Varierande vindkraftproduksjon og kraftprisar gjennom veka
Førre veke var det noko nedgang i vekesnittet for kraftprisane i Noreg, bortsett frå i Midt-Noreg (NO3). I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) enda dei gjennomsnittlege kraftprisane på 45-60 øre/kWh. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var vekeprisane høvesvis 21 og 2 øre/kWh.
Til liks med veke 14 var det variasjonar i kraftprisane gjennom veka. I periodar på måndag, tysdag og torsdag var vindkraftproduksjonen låg. I desse periodane fekk Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2) høgare prisar på nivå med kontinentet nokre timar på for- og ettermiddagane. Frå torsdag ettermiddag til fredag formiddag var det høg vindkraftproduksjon, særleg sør i Norden. I desse timane fekk mange av dei nordiske prisområda lågare kraftprisar enn i veka elles. Relativt mykje vindkraft bidrog også til låge kraftprisar i helga. Til dømes var det fleire timar midt på dagen på søndag med kraftprisar under 5 øre/kWh i sørlege Noreg.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 15 2025
Magasinfylling for Sverige for veke 15 var ikkje tilgjengeleg då denne rapporten vart publisert.
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.