Publisert 08.04.2026

Kraftsituasjonen veke 14, 2026

Same prisnivå i sør og lågare forbruk i påskeveka

Kraftprisane heldt seg på nivå med veka før i sørlege Noreg, og vasskraftproduksjonen er framleis låg for årstida. Heilagdagane i påsken gav lågare kraftforbruk, men Noreg fekk nettoimport av kraft også førre veke. Blant dei norske prisområda var det berre i Nord-Noreg at vasskraftproduksjonen auka nemneverdig.

Nøkkeltal for veka
Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):

  • Søraust-Noreg (NO1): 108 øre/kWh (-3 øre/kWh frå veke 13)
  • Sørvest-Noreg (NO2): 101 øre/kWh (-7 øre/kWh frå veke 13)
  • Midt-Noreg (NO3): 84 øre/kWh (+10 øre/kWh frå veke 13)
  • Nord-Noreg (NO4): 20 øre/kWh (+4 øre/kWh frå veke 13)
  • Vest-Noreg (NO5): 117 øre/kWh (-3 øre/kWh frå veke 13)

Kraftprisane var på nivå med veka før i sørlege Noreg
Sist veke var gjennomsnittlege kraftprisar i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) omtrent på nivå med veka før. I likskap med i veke 13 bidrog periodar med høg vindkraftproduksjon på kontinentet og sør i Norden til at sørlege Noreg tidvis hadde høg import av kraft. I desse periodane var kraftprisane lågare enn elles i veka, noko som var med på å trekke gjennomsnittet for veka ned. Dette gjeld i stor grad siste delen av veka, der kraftforbruket i tillegg var redusert grunna heilagdagane i påsken.

I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) gjekk kraftprisane noko opp i veke 14, blant anna grunna lågare vindkraftproduksjon nord i Norden enn i veka før. Kraftprisane her var framleis lågare enn i dei sørlege prisområda.

Påskeferie gav redusert kraftforbruk
Kraftforbruket gjekk ned i alle dei norske prisområda for veka samla. Heilagdagane i påsken medverka til reduksjonen, særleg for forbruket i tenesteytande sektor. I Søraust- og Nord-Noreg (NO1 og NO4) bidrog også varmare vêr til at forbruket gjekk ned.

Framleis låg vasskraftproduksjon i sørlege Noreg
I sørlege Noreg var vasskraftproduksjonen på nivå med veka før og framleis låg for årstida. Import i periodar med lågare kraftprisar i naboland og lågare forbruk heilagdagane i påsken bidrog til at vasskraftproduksjonen heldt seg låg. I Nord-Noreg auka vasskraftproduksjonen mellom anna fordi kraftprisane auka og vindkraftproduksjonen nord i Norden minka. Veke 14 var fjerde veke på rad der Noreg hadde nettoimport av kraft.

Krigen i Midtausten
Sidan USA og Israel sitt angrep på Iran 28. februar har dei fossile brenselsprisane auka kraftig. Korleis dette verker inn på kraftprisane vil kunne variere frå veke til veke. Mellom anna vil verknadane avhenge av kor ofte fossil kraftproduksjon set nivået på kraftprisane på kontinentet. Kraftprisane i Noreg vert vidare påverka av prisnivået i Europa gjennom kraftutveksling.

Merknad
Det er feil i data for svensk kraftforbruk laurdag 28. mars. Desse tala er erstatta med prognosetal. Dette inneber at det kan vera mellombelse tal eller feil i oversikten over svensk forbruk, samt nordisk nettoeksport i rapporten (tabell 6, tabell 7 og figur 12).

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 14 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Ole Kristian Ådnanes

Epost: okad@nve.no