Kraftsituasjonen veke 14, 2025
Mykje solkraftproduksjon for årstida bidrog til enkelttimar med låg kraftpris i Europa
Mildare vêr bidrog til redusert forbruk i Norden i veke 14, for tredje veka på rad. Lågare vindkraft- og vasskraftproduksjon medverke til at også produksjonen i Norden gjekk ned, samanlikna med veke 13.
Sjølv om dei gjennomsnittlege vekeprisane i Noreg var nokså lik som veka før, var det større variasjonar i kraftprisane. Tidleg i veka var det lite vindkraftproduksjon sør i Norden, noko som tidvis var samanfallande med lite fornybar kraftproduksjon og høge kraftprisar i Europa. Prisane i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) kopla seg i desse periodane på prisane i Tyskland. På tysdag var det enkelttimar der prisane i Søraust-Noreg (NO1) og Sørvest-Noreg (NO2) låg over 150 øre/kWh.
Seinare i veka bidrog mykje solkraftproduksjon til enkelttimar med låg kraftpris. Særleg Tyskland fekk timar med låge og negative kraftprisar. På det lågaste var timeprisen i Tyskland på minus 134 øre/kWh. I desse timane vart det importert kraft til Noreg. Ved at vasskraftproduksjonen i sørlege Noreg vart redusert i desse timane, medverke det til at prisene her ikkje vart like låga som andre steder i Europa.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 14 2025
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.