Kraftsituasjonen veke 14, 2021 - NVE

Høge timesprisar på Austlandet

Lågare temperaturar over store delar av landet bidrog til ein auke i kraftforbruket fyrste veke etter påske. Også kraftproduksjonen gjekk opp i alle prisområda, med unntak av på Austlandet (NO1).

Grunna planlagt vedlikehald var det tidvis avgrensingar i utvekslingskapasiteten mellom dei sørlege prisområda (NO1, NO2 og NO5). Dette bidrog til at det var ein skilnad i vekesprisen for desse områda. Austlandet hadde enkelte timar på onsdag og torsdag med særs høge kraftprisar.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 14 her.