Høgaste norske nettoimport på fem år.

I veke 14 gjekk temperaturane opp i heile Norden, og medverka til at det nordiske forbruket gjekk ned med 5 prosent. 

For Noreg var nedgangen i kraftproduksjon større enn nedgangen i forbruk. Dette ga en norsk nettoimport på rundt 364 GWh i førre veke. Dette er den høgaste nettoimporten siden våren 2013.

Den lave kraftproduksjonen i Noreg heng saman med lite tilsig og låg magasinfylling. Magasinfyllinga i Noreg er no på 27,2 prosent og lågare enn normalt. Dette medverka til at kraftprisane i Noreg framleis låg høgt på rundt 40 øre/kWh i førre veke.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 14 her